Bok
Nake liv mellom katastrofe og håp
Kristin Berget leitar etter eit gyldig og ansvarleg språk i poesien sin. Resultatet er vent og overtydande.
Kristin Berget har skrive fleire diktsamlingar, og poesien hennar er omsett til fleire språk.
Foto: Anna Julia Granberg / Blunderbuss
I langdiktet Middelalderen er det som ein oppheld seg før eller etter ein katastrofe, i ein overgangstilstand, der livet er nake og alt må nyorienterast og byggjast opp på nytt. Lesaren møter eit språk som verkar basalt, rudimentært og enkelt, det er som ein er på jeger- og samlarstadiet: «nå serverer jeg det sure brødet på mosen enkel mat/ er alt dette tynne kveldslyset kan bære/ det muligens djupt menneskelige i dette».
Sjølv om skildringa av omgivnadene er sparsame med tidsmarkørar, og den vesle familien i andre del av diktet har brote opp og forlate huset med døra open, oppheld me oss definitivt i ei attkjenneleg samtid, nær eller fjern. I første del finst samfunn, motorvegar, skule og barnehage, og ein høyrer om kornkrise og krig ein stad i utkantane: «europas kornkamre lukka/ europas gravkamre åpna». Familien er også råka av andre tap, eit dødsfall, ein far, og dette saman med andre tap skjer seg inn og vert ført gjennom langdiktet.
Det er tap og sorg på mange nivå i boka, naturtap, tap av det menneskelege, av ritual, av menneskelege samfunn i balansert utveksling med omgivnadene. Ja, tidleg blir det referert til Nils Holgersson, barnebokklassikaren til Selma Lagerlöf, som blei forminska som straff for dyreplageri. Stjernebiletet Orion blir nemnt og prydar også omslaget. Orion syner biletet av ein jeger. Ifølgje mytane ønskte han å utrydde alle dyra på jorda og blei drepen av ein skorpion.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.