Musikk
Når rosa vert rose
Illustrasjonsfoto: Hannibal Hanschke / Reuters / NTB
I Dag og Tid 17. desember skriv Sjur Haga Bringeland under tittelen: «Det hev ei rose sprunge på ymse vis.» Det har det ogso gjort i nyare norske salmebøker, der den katolske, som eg sjølv var redaktør for, er den einaste som held seg til biskop Peter Hognestads eigen tekst.
Det er so mange som har meiningar i moderne salmebokkomitear, det er so mange omsyn å ta av teologiske, språkpolitiske og ikkje minst kjønnspolitiske grunnar, at diktarordet ikkje sjeldan må vika for dårlege eller halvgode – og oftast umusikalske – omskrivingar. Dei skjønar ikkje kor lite som skal til før det skurrar i det poetiske.
Ei rosa
I Norsk Salmebok frå 1985 var ordlyden: «Det har ei rose sprunge.» Det var eit framsteg då «hev» kom attende i utgåva frå 2013. Men forma «rose» kling ikkje godt; poeten Hognestad var for musikalsk til å tola so mange spisse e-ar etter kvarandre: o – a – u er det rette: «Det hev ei rosa sprunge.»
Me er mange på Vestlandet som framleis seier «ei rosa», og kva er grunnen til å retta jærbuen og Bjørgvin-bispen Hognestad til austnorsk?
I den katolske utgåva har me òg halde på «som federne hev sunge», medan dei andre har «fedrane». Det finst det tilgjeving for, men ikkje for framhaldet: «av Isais rot ho rann.» Her får verselina ein altfor tung, nærast omstendeleg opptakt – me anar eksegetisk innblanding! «Isais rot» er fælt, særleg ille er s-en i genitiv. Isai var far til kong David, men i tradisjonen har han ogso namneforma Jesse: «Av Jesse rot ho rann», seier poeten Hognestad.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.