Bok
Når røtene blir lange
Marte Qvenild overtyder stort, men rotar bort slutten.
Marte Qvenild debuterte som romanforfattar i 2021. I år kom roman nummer to, Edens hus.
Foto: Heide Furre
Det er ein viss kontrast mellom Hamar og Mexico by. Mellom medisterkaker i brun saus med surkål og poteter, og meksikanske tostadas. Mellom botanikk og revolusjon. Men i kontrastar ligg det eit spenn, og det pregar personane og forteljinga i Edens hus av Marte Qvenild.
Sterkt og gripande
Nora arbeider i Botanisk hage i Oslo. Saman med kollegaen Gudmund har ho ein visjon om å lage veksthusprosjektet Edens hus, som ho i ein presentasjon forklarer slik: «’Her på Tøyen, i det gamle Victoriahuset, står plantene hver for seg, som i en blomsterbutikk’, sa jeg. ’I Eden-prosjektet ønsker vi å koble planter og trær sammen under bakken gjennom et naturlig rotsystem.’»
Bildet av eit rotsystem skal utvikle seg gjennom romanen. Nora har ei mor på Hamar og ein far i Mexico, og no får ho ein telefon frå Yatzil, hushaldaren hos faren Miguel. Nora må kome; faren har kanskje ikkje lenge igjen. Ho reiser først på medisterkake-julebesøk til mora, og snart drar dei begge til Mexico.
Nora fører ordet gjennom romanen, men når mora Astrid gjer det i ein eigen del, får vi innblikk i studietida hennar i Mexico by, der ho trefte Miguel. Her får vi ei sterk og gripande forteljing om korleis studentopprøret på slutten av 60-talet utspelte seg der – sett frå aktivistane sjølve.
I kampen for å betre sosiale forhold trykte dei og delte ut illegale flygeblad, demonstrerte med fare for liv og helse, måtte ofte flykte frå politiet, blei oppløyste i tumultane og visste ikkje om dei andre venene hadde klart seg. Til sist blei den politiske temperaturen så høg at den gravide Astrid reiste heim til Noreg, og kort fortald vaks Nora stort sett opp her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.