Bok
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Eg har sjeldan vore så oppgitt over å vere kvinne som etter å ha lese Kristina Leganger Iversens Det sanne og det synlege. Eg er regelrett nedmuntra.
Tre kvinner er i samtale, dei utvekslar erfaringar. Ikkje om den gongen dei var på tivoli eller på ein ferietur til Mallorca, dei snakkar om spesifikke hendingar dei har vore ute for i møte med menn. Dei blir forfølgde, dei blir gjengitte i menns diktbøker, dei blir oppfordra til å kle av seg framføre eit nettkamera. Dei blir skildra, definerte og brukte av menn, og tilbake står dei og prøver å hanskast med eiga historie.
Ein kan sjølvsagt innvende at det finst gode, rimelege menn også, men dei har liten plass i denne boka. Her er det blikket som kvinner kjenner på seg, i eit overordna perspektiv, som rår.
Det svake kjønn?
Kristina Leganger Iversen viser korleis det kan opplevast å vere «det svake kjønn», gjennom skrekken for berre å gå åleine gjennom byen – som når ei kvinne blir vitskremd då ho merkar at nokon kjem springande etter ho. Så viser det seg at ho berre har gløymt vottane sine på bussen, og ei medkvinne vil gi dei til ho. Gjennom sjuåringar som poserer seksualiserte framføre eit kamera, fordi dei trur det er venta av dei. Gjennom eit møte ei av kvinnene har hatt med ein sjef for eit ungdomsteater; han ville at ho skulle skrive dramatikk. Ho vil skrive om festvaldtekt, han svarar med å okke seg over metoo – kor overdrive det er blitt.
Til det å ha grep om eiga historie: Iversens tre kvinner utforskar dette grundig. Kva skjedde, eigentleg, i dei ulike situasjonane? Kven har definisjonsmakt? Når ei kvinne blottstilte seg på det mest sårbare i ein seksuell situasjon, og ser hendinga gjengitt i ei diktsamling av mannen – kjenner ho seg igjen? Har ho lov til å protestere?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.