Bok

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Publisert

I møte med Erling Indreeides bok stussar kanskje lesaren over sjangeren, for prosa, essay, reise- og minnebok og dikt verkar røysa saman her. Men når ein les boka, fordunstar spørsmålet gradvis fordi ein undervegs må gi seg over til ei poetisk form og ei poetisk tenking som grip lesaren med rytmisk kraft og pust, som rører tankane og får lesarkroppen til å sitre. Det er vent og forunderleg, og ein kjenner seg nokre hakk klokare.

På eitt nivå grip tekstane til Indreeide fatt i store filosofiske spørsmål knytte til tid, identitet, røynd, samfunn, samvære, fellesskap, minne, historie.

Men desse sakene er heile tida førte inn i og festa i det menneskelege, i det enkle og kvardagslege – men likevel utan å forenkle eller, for den saks skuld, forvanske.

Dynamiske forhold

Forfattaren verkar djupast sett oppteken av å famne dei dynamiske forholda mellom naturen, tinga og mennesket: «Tinga er vikande, dei vik/ for kvarandre. Dei smuldrar/ i møte med kvarandre./ Kvarandre rår». Kvarandre er eit gjensidig pronomen, brukt når ein skal uttrykke forholdet mellom to eller fleire personar.

Utgangspunktet, og det som varer ved gjennom heile boka, er at bokas eg-person er på vegen til Geiranger. Å vere på denne vegen er og kan vere så mangt, det utløyser ei rad av tankar, minne, setningar, spor, refleksjonar og avstikkarar forma i diktnedslag eller strøymande prosa, ein prosa som nærmast forgreinar seg i alle moglege retningar: «Eg er utan mål, eg er i mål, eg står ikkje i mål, eg går i mål, eg går og går i mål. Eg berre går her, eg er framkomen, eg er den attkjende, og det er eg som går her og kjenner meg att, og vi veit alle at å snu og gå tilbake er, i ein annan forstand, å gå vidare.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement