Bok

Nokså kjende løyndomar

Boka om skrivekunst passar best som pensumbok på Geelmuydens eige skrivekurs.

Niels Christian Geelmuyden har gjeve ut nærare 40 bøker på ein mannsalder.
Niels Christian Geelmuyden har gjeve ut nærare 40 bøker på ein mannsalder.
Publisert

Eg har ikkje lese noko av Niels Christian Geelmuyden før, men ein gong for nokre år sidan, på ein sommarfest, var han hyra inn for å underhalda oss med eit kåseri. Det var så fullt av vitsar, ordspel og gode poeng at vi lo nesten samanhengande. Medan eg likevel tenkte, noko alarmert, slik som musikkritikarane i si tid meinte om Johan Strauss d.y.: at han øydela for andre komponistar ved å bruka opp alle dei gode melodiane.

No ser eg at han i og med denne boka imponerande har gjeve ut heile 38 bøker på 33 år, særleg biografiar og samfunnskritiske faktabøker. I tillegg har han spesialisert seg på å laga portrettintervju av (ekte) kjendisar. Utan å ha øydelagt for nokon. Bortsett frå for Gro, då han i 1993 gav att ord for ord dei noko uryddige talestraumane hennar. Sjølv ordnar han ordstraumane sine som intervjuar i den ordekvilibristiske tradisjonen frå Arne Hestenes, skal ein døma etter eksempla han sjølv gjev.

Ikkje rart at han har vorte litt sliten, som han seier i føreordet. Ja, utmatta, desillusjonert og ganske nedslått av å skriva om så mykje. Men så har forlagsredaktøren kome til unnsetning med eit framlegg om at då kunne han i det minste skriva om å skriva. Der måtte han ha nærliggjande kompetanse, noko han alt har teke i bruk som førelesar på journalisthøgskulen og på 20 skrivekurs, mellom anna i Marrakech. Og i dei 37 tidlegare bøkene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement