Film
Norsk nostalgi
Filmen om nittitalet med Drillo som landslagstrenar er ei gullgruve av arkivmateriale.
Drillo feirar sigersmålet i Marseille i 1998 saman med Nils Johan Semb, Øyvind Leonhardsen og Jostein Flo.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Då Egil «Drillo» Olsen tok over som trenar for det norske herrelandslaget i 1990, stod det stusseleg til. Drillo drog i gang gullåra for norsk fotball. Under nerden frå Fredrikstad kom laget til to verdsmeisterskap. Alt kulminerte i sigeren mot Brasil i Marseilles ein sumarkveld i 1998. Arne Scheie utbasunerte frå skjermen til kvar ein heim at dette var den største idrettshendinga i norsk historie.
VHS-vedunder
Alt i logoen i første sekund tyr dokumentarfilmskaparane Jo Vemund Svendsen og Daniel Høglund til estetikk i tråd med VHS-kassettane Drillo brukte til å analysere kor få pasningar ein treng for å score, statistisk sett. Dei har funne tallause kjelder frå tida.
Media var på ballen frå første sekund. Samstundes gav økonomisk oppgangstid auka bruk av private filmkamera. Vi får jamvel sjå opptak frå landslagsturane med Mini, Jan Åge Fjørtoft og Frode Grodås bak kameraet. Den nostalgiske verknaden er sterk. Kjeldebruken er god.
Filmen legg tidleg vekt på kunnskapshungrige Drillo. I barndomen pugga han geografifakta. Seinare brukte han forskinga si ved Noregs idrettshøgskule som grunnlag for korleis ein skulle spele fotball. Tvillaust var det enormt effektivt for eit land utan dei store ballkunstnarane.
Dei høgste fjella
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.