Musikk
Ny muskikutgiving
Baggy$$ er ei øving i å ha lite å seie, å seie minst mogeleg, å ikkje seie noko særleg.
Fcukers er eit band. Dei tre medlemmene ser ut til å vere avdanka rockarar frå New York som bestemte seg for å slutte å lage indie til fordel for å leike seg med house og trommemaskiner. Kvifor ikkje?
Stilmessig minner dette om electroclash og new rave à la CSS og Peaches: Her er det partystemning som tel. Her er det houseflosklar og punkekul attityde som fortel. «Homie Don’t Shake» er ein cover av Beck-låta «Devils Haircut», og det siste som skjer, er at songaren seier «cool». Etter eitt take i studio, får ein tru. Det lèt til at Fcukers berre gjer det. Og så er det feitt nok med feilstava bandnamn, til dømes.
Vi kritikarar er i den ulukksalige situasjonen at vi skal synse – stryk det, forme meiningar om kunst og kultur. Kva viss eit verk, til dømes Baggy$$ av Fcukers, ikkje har ei meining? Gir det meining? Det skal vere sikkert og visst.
I førre avis skreiv eg om Nilüfer Yanyas Method Actor, ei utforsking av retraumatiseringa ein metodeskodespelar går igjennom for å hente fram «ekte» kjensler frå seg sjølv. Heath Ledger tok livet av seg etter å ha spelt Joker med slik metode. Kva med sjåaren eller lyttaren? Er det sunt å utsetje seg for slikt? Det kjem vel an på. Nokre gonger må ein ikkje gi eller gi ein einaste «f».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.