Bok
Ny norsk omsetjing av Rilke
Duino-elegiar er ei av dei viktigaste diktsamlingane frå det førre hundreåret.
Rainer Maria Rilke (1875–1926).
Foto: Ukjend
Den produktive Jon Fosse er på marknaden med ei ny bok. Denne gongen er det ei attdikting av Rainer Maria Rilkes Duino-elegiar – Duineser Elegien på tysk. Fosse er mest kjend som dramatikar og romanforfattar, men er òg omsetjar, særleg frå tyskspråkleg litteratur.
Jamvel om austerrikaren Rilke (1875–1926) er rekna for å vera ein vanskeleg lyrikar, finst det fleire gode norske omsetjingar, både til bokmål og nynorsk. Ellinor Lervik har omsett Sonettene til Orfevs (1993), og Åsmund Bjørnstad har òg omsett elegiane, i ei fin tospråkleg utgåve: Duino-elegiane (2002). Det er flisespikking å laga noko nummer av skilnaden mellom Bjørnstads og Fosses tittel. Diktverket skriv seg frå Rilkes opphald på slottet Duino ved Adriaterhavet, der han i eit lynglimt i 1912 fekk inspirasjon til elegiane, som fyrst kom ut i 1923. Boka er ei av dei viktigaste diktsamlingane frå førre hundreåret, og Fosse har etter eiga utsegn lenge vore oppteken av Rilke.
Ordet
Filosofen Egil. A. Wyller hevda at Rilke er ein moderne «orfikar», i kjølvatnet av songaren Orfevs, som vi kjenner frå antikk mytologi, og orfismen dreier seg stutt sagt om å sjå livet som innviing, i dødens og livets mysterium. Og det er ordet som står i sentrum hjå orfikaren, ordet som klang og musikk.
Samlinga består av ti store elegiar. Det fyrste ein ser i Fosses versjon, om ein samanliknar med originalen, er ei friare periodebygging. Hjå Fosse er Rilkes tekstbolkar nokre stader splitta opp i mindre avsnitt, noko som gjer lesinga lettare, men som ikkje er heilt korrekt. Såleis opnar samlinga:
Kven, om eg skreik, høyrde meg då i englars/ ordenar? og sett at ein tok meg/ brått til sitt hjarta: eg ville forgå/ av hans sterkare nærvær.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.