Musikk

Nytolka popperler

Olava og Ulvo lagar stundom coverversjonar av beste merke.

Ingrid Olava og Andreas Ulvo har spelt inn plata live i studio, utan pålegg og omarbeiding av noko slag. Foto: André Løyning
Publisert

Olava og Ulvo har funne fram til åtte perler frå populærmusikken som oppfølgjar til plata som kom i 2018. På denne utgjevinga har dei inkludert to solostykke av og med Ulvo, «Interlude I» og «Interlude II».

Sjølv om materialet er henta frå populærmusikken, spenner det frå «It Was A Very Good Year», som Ervin Drake skreiv i 1961, og som Frank Sinatra så langt har laga den mest minneverdige tolkinga av på plata September of My Years (1965), til «Hulls» av Emil Svanängen frå plata Loney Dear (også artistnamnet hans) som kom i 2017.

Duoen har halde fast på dogmet om å spela materialet inn live i studioet, utan pålegg og omarbeiding av anna slag. Det gjev uttrykket nerve og blottlegg noko nake og sårbart. Ulvo fell aldri for freistinga til å overlessa kompet, heller tvert om.

Det går i sakte tempo, og vokaluttrykket er lågmælt og sterkt fokusert på teksten. Eit vesentleg suksesskriterium er såleis om tekst og tolking openberrar nye sider ved materialet. Det maktar Olava og Ulvo i overraskande stor grad å få til. 

Eit illustrerande døme er nemnde «It Was A Very Good Year». Også Sinatras mollstemte tolking har ein viss patina, men her det den sjølvmedvitne og sjølvgode som ser attende. Olava og Ulvo stiller langt meir grunnleggjande spørsmål.

Endå meir grunnleggjande alternativ er tolkinga av Lennon og McCartneys «I've just Seen A Face». På albumet Help kan du høyra ein gladlynt rask countrylåt med komp av akustisk gitar. Olava og Ulvo tek låten inn i eit univers der skilje mellom draum og røyndom er viska ut. Denne tolkinga er aleine verd heile plata.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement