Bok
Og fossane ropar langt (og høgt) hurra!
Jens Fredrik Nystad har skrive eit standardverk om eit naturfenomen som gjer oss rike på pengar, opplevingar og dilemma.
Pissaren ligg ved Sygnesand i Jølster.
Foto: Jens Fredrik Nystad
Ei eiga bok berre om fossane i Noreg? Vel, Noreg er utvald når det gjeld natur: Vi har verdas finaste fjordar, nokre flotte fjell og dalar, og isbrear, som alle har fått sine eigne bøker og dikt. Men ikkje fossane? Berre etter at dei har vorte lagde i rør. No rettar ei rikt illustrert bok på urettvisa.
Men ein kan ikkje skriva berre om fossar, for fossar renn ned bakkar og berg og gjennom landskap og gjennom historie og kultur og menneskeliv. Ei bok om fossar må òg handla om alt dette. Undertittelen understrekar dessutan at boka like mykje handlar om opplevingar av fossar.
Men her må eg koma med ei lita innvending: Er fossar vakre? Nokre, sjølvsagt. Men for det meste er fossar storfelte. Vinje fortel: «Rjukanfossen er soleis fælt stygg, segjer Tindølen.» Frå estetikken vil eg heller bruka kategorien «sublim»: at dei på overveldande vis er skremmande, men at vi kan stå og sjå fascinerte på dei, særleg ned i dei djupe juva dei har grave ut, medan vi likevel er trygge. Om vi ikkje fell utfor, slik ein del turistar gjer kvart år. Eller kastar oss utfor, slik som i Rosmersholm.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.