Olav H. Hauge-dagbøkene: 1. januar 1968

Brødrene Karamasov lånte eg av sokneprest Olafson, eg var 20 år då. Ho gjorde eit sterkt inntrykk på meg.

Publisert

Kaldt. Sol. Vinter. – Lese meir i Raskolnikov. Kjende hovudet verkte i dag då eg vakna, eg las for mykje i går, levde med. Og eg byrja att i dag, det gjeng til endes med andre bandet no.

Dette er den mest spanande detektivroman som er skriven! Eg segjer det, det stemmer sikkert. Meir vil eg ikkje segja.

Leita fram Zweigs Drei Meister, eg trur han kan skildra denne forfattaren for meg, sjølv vil eg ikkje prøva på det. Endå eg har lese mykje av han fram gjenom åri, ja eg har vel fare gjenom det som er kome på norsk av han, tenkjer eg.

Kafka, Rilke, kva vilde dei ha vore utan Dostojevkij? «Gloomy», segjer ein kinesisk forfattar til Moravia um han. Kan gjerne vera det. Verdi var «gloomy», og er det i dag òg. Raskolnikov for eg gjenom då eg var ung, eg forstod visst ikkje mykje av den boki.

Brødrene Karamasov lånte eg av sokneprest Olafson, eg var 20 år då. Ho gjorde eit sterkt inntrykk på meg. Eg hugsar henne som farge: gul, sjukleg gul. Kor det har seg, kan eg ikkje forklåra no. Ho greip meg ikkje slik då eg las henne uppatt for 15–16 år sidan, kanskje var eg ikkje so inntrykksvár då – las meir med forstanden.

Idioten tykte eg var forvitneleg. Og I dødens hus er alltid gripande. De besatte kom eg ikkje heilt igjenom. Dobbeltgjengeren tykte eg var fantastisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement