Litteratur
Olav H. Hauge-dagbøkene: 12. oktober 1966
«Heile den vika har eg halde på med Hellemyrsfolket. Og brennande spanande er heile verket. Slike typar!»
Teikning: May Linn Clement
Amalie Skram: Afkom. Heile den vika har eg halde på med Hellemyrsfolket. Og brennande spanande er heile verket. Slike typar! Fie til dømes! Den Siverten er ein kjeltring. Men der er mykje godt i han òg! Slik er det med alle folki til Amalie Skram. Der er noko rørande hjartegodt på botnen i dei. Petra er kanskje ei av dei nifsaste ho har. Denne boki har eg lese fyrr ein gong. Eit slikt verk skjek ein upp, det er skræmeleg.
Russisk, segjer visst Alf Larsen um Amalie Skram. Sivert er i mykje ein perlegut. Det er verre med Petra, kona hans. Jau, det er lenge sidan dette verket kom. Men endå er det like friskt.
Den nådelause sanningsviljen til forfattarinna har halde burte alt søtlæte, endå det òg kjem fram her og der, dei primære kjenslor og instinkt brenn attum ordi, desse menneski lever.
Storverket i serien er Sjur Gabriel, den fyrste boki. Dinæst Afkom, tenkjer eg. Menneske bunde av arv og miljø, det er dei, desse menneski.
Einar Økland: Mandragora. Ja, dette er eit kjempestig framyver frå debutboki. No har han eit dikt til meg, det er so, og det er godt, men eg vilde segja det same likevel: Eit herleg arbeid, ei sterk og djup diktsamling.
Dette er verkeleg modernistisk poesi på det beste. Han er lært av tyske ekspresjonistar, serleg av Trakl. Ein stor ny lyrikar har me fenge. Eg har til gode å lesa Obrestad òg. Økland held på teikni; det gjev dikti hans ein ladd styrke, her fylgjer han dei unge i tysk, engelsk og amerikansk lyrikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.