Olav H. Hauge-dagbøkene: 14. januar 1971
For Ibsen stal, stal og bygde på reiret som ein annan ramn alle sine dagar. Ibsen var ingen original tenkjar.
Vilde det ikkje vera forvitneleg å røkja etter korleis Ibsen såg på arbeidsfolk? Såg han i det heile slike folk? Bønder, fiskarar, handverkarar? Er det i det heile folk i hans augo? Snautt. Det er sjeldan ein møter dei òg.
Spelstykki, er høgare embetsfolk, amtmann, fut, sorenskrivar, general, statsråd, kammerherre, skipsreidar, fabrikkeigar, direktør, grosserarar, godseigarar, brukseigarar, dertil redaktørar, overlærar, adjunkt, rektor, prest. Stutt sagt, alle høyrer til den dana yverklasse. Tenestegjentor møter ein. Elles er arbeidsfolk heilt anonyme og statistfigurar.
Folk Ibsen har bruk for er folk som kan diskutera idéar, den sams europeiske åndsarv, difor må dei vera upplyste, orienterte. For Ibsen er idediktar fyrst og fremst. Difor må hovudpersonane vera upplyste, ha tileigna seg den europeiske åndsarv. Og ikkje berre ha bakgrunnskunnskap, men òg vera orienterte i dei brennande spursmåli som tidi var uppteki av, – helst slike som såg inn i framtidi, – som Løvborg.
Ibsen har kjent sin Hegel. Idéane styrer verdi. Der er svingpunktet. At han som klok sporutslettar seinare sa han hadde liti tru på filosofien, han hadde alle dagar stole centrale tankar og laga skodespel av dei.
For Ibsen stal, stal og bygde på reiret som ein annan ramn alle sine dagar. Ibsen var ingen original tenkjar. Gamle Schopenhauer vilde ha smilt godt, Kierkegaard sameleis. Ibsen er eit «gjøkur». Eit gaukur som viser tidi frå 1850 – til 1900 med fantastisk presisjon. Det var ein djevelsk kunnig og utspekulert og reknande urmakar som laga det.
Det både viser tid og sekund, han både veg og mæler. Av og til slær han nebbet upp og lær, klukkar og lær, ein mekanisk lått, som fortel det er gull og dyre steinar i det, han har sitt for seg sjølv å gleda seg yver – den gauken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.