Olav H. Hauge-dagbøkene: 17. september 1967
Tolstoy er moralist. Det er alle store forfattarar. Og det trengst. Profetane var òg det. Og likevel: Det er langt dit å verta menneske. Det er alt eg vil segja.
Leo Tolstoy: Opstandelse. Dette er samtidsroman. Eit uppgjer med tilstandane i Russland i midten forige århundra. Samfunnet er rote. Ein modig mann har skrive denne boki, og eg skal lova ho har skake samtidi!
Samstundes er dette sikkert eit uppgjer med han sjølv. Denne helten prøver å realisera det Tolstoy sjølv kjende han burde gjera, men som han ikkje var mann til.
Her er ein setning som segjer mykje: «Det eneste sted som passer for en hederlig mann i våre dagers Russland, er et fengsel.» Dette var ei stor bok for dei gamle socialistane! Og med rette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.