Olav H. Hauge-dagbøkene: 19. januar 1974

«Ekelöf, med sine kvinnor, vener, skular – han visste ikkje kva einsemd var, det er det som er saki.»

Publisert

Den antologien Bjurström har arbeidt med, er komen. Danmark, Færøyane, Island, Noreg. Prosa og lyrikk. Serien heiter Lettres Nouvelles. Sverige og Finland har kome i eit band fyrr.

Der er med 8 dikt av meg, godt umsette. Eg synest ikkje utvalet av norsk dikting er heilt godt. Me har so mange andre enn dei som er med, som burde vore med. Elles vanskeleg å døma med visse um slike ting.

Lese igjenom Trolldom i lufta av Uppdal. Kjem til å tenkja på Sult av Hamsun, sidan dette òg er ei bok um svolt. Men i Sult er det esteten som svelt, kunstnaren; i Trolldom i lufta er det ein arbeidsmann, der har me skilnaden.

Siste dagane: sett um 10-12 dikt av Celan, tri av Bobrowski. Kanskje eg tek fleire av desse med same. Der er mykje smiren rytme i Celans fyrste dikt. Eg trur ikkje han lika det retteleg då han vart eldre, det er i alle fall mykje minder av slik voggande smiren rytme i siste samligane hans. Bobrowski er på den måten betre.

Ekelöf skriv mykje um einsemd i sin Själfbiografi (forresten samansett av kona hans, av notat og brev). Han, med sine kvinnor, vener, skular – han visste ikkje kva einsemd var, det er det som er saki.

Ekelöfs siste år. Rike. På dikting. Vesaas sine siste år er rikare – utan innslag frå austerlandi. Vesaas – ein stor og merkeleg diktar. So rik, so menneskeleg!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement