Olav H. Hauge-dagbøkene
23. mars 1963: Upp – kaffi, mat, og elda i kaminen, og fram med Baudelaire!
Teikning: May Linn Clement
Skral natt. Sove lite. Det har vore so bra no lenge. Nei, eg låg og øra og fantaserte. Berre tull! Ser ut til snø. Kanskje vêrabrigde uroa meg. Eg veit ikkje. Nei, det var eg sjølv.
Men! Upp – kaffi, mat, og elda i kaminen, og fram med Baudelaire! Eg har no byrja å bruka Raknes si ordbok; eg har hatt henne i lange tider, men brukt ei Gyldendal blå, ho er lettare. Men brukar eg Raknes, lærer eg litt nynorsk med same, men ho er tung!
No har eg lese «Le Voyage»; det skal vera eit av dei største dikti til Baudelaire. Dette har eg ikkje vore hegi fyrr. Og det er sant, det er veldigt.
Her har me han, hans syn og hans strid! Dette er Baudelaires verd, slik er ho for han, og slik er hans ferd og hans draum og hans von!
Dette diktet er verdt mange romanar, du kan spara deg for mykje lesnad når du kjenner dette. Dette diktet hadde Conrad sikkert lese vel, det har fanga og merkt han, men han hadde noko å setja imot: manns vilje og mot, kor roti og vonlaus verdi var.
Baudelaires stordom som diktar: at han ikkje lèt augo att for det vonde i verdi. Baudelaire og Emerson, finst det nokon som er meir ulike? Dette diktet, «Le Voyage» har sikkert vore i Rimbauds tankar då han skreiv «Le Bateau ivre».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.