Bok

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Publisert

Lese gjenom Seippels Retleiding um norsk målbruk. Alt er vel og bra, som ein lyt venta av denne store meisteren. Etter lesnaden sit eg likevel att med den kjensla at når han gjer framlag um å taka i bruk skuledeigje for lærarinne, syngjardros for songarinne, framburdsgjente for serveringsdame o.s.b. synest eg det vert litt for tjukt.

All denne ordlagingi er berre å byggja kinesiske murar. Kvifor er det so um å gjera å koma so langt som råd burt frå Babel? Burde me ikkje heller tenkje på det motsette, arbeida måli meir saman?

Eg synest internasjonale ord er gode (ikkje soleis at eg meiner lærarinne, songarinne o.s.b. er internasjonale); dei hev ei tyding som er verd å finna tilsvarande heimlege ord for.

Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale. Sjå berre kor dei vev seg inn i mystikk og løyndomar, kor dei gjer seg gåtefulle og uskynelege! Når ein klær av deim all denne hamen, er det lite nytt dei hev kome med. (Olav Aukrust.)

Nei, det er ingi skam å låna; det gjorde Shakespeare, Burns, Holberg o.s.b. Kunsten er «å skapa um det ein handsamar frå berre sylv til purt (reint ) gull, nett som kong Midas».

Oscar Wilde sa det slik: «I am a man who stands in symbolic relation to the culture of my day – a man for whom pictures are painted, poems sung and books written – I have made of Philosophy a beauty, and of Beauty a philosophy.» Benjamin Disraeli sa: «The originality of a subject is in its treatment.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement