Bok
Om å bryte klørne i forteljinga
Poeten skriv tilsynelatande prosa, men bryt ut i ei poetisk og rik skrift.
Rebecca Kielland debuterte med ei diktsamling i 2007. No er den femte diktsamlinga ute.
Foto: Lasse Gundersen
Rebecca Kjelland er ute med si femte diktbok, Vinterkorn og vårtunger. Kjelland debuterte i 2007 med Akkorda under fluktlinja og skreiv dei to første diktbøkene sine på romeriksdialekt.
Kjelland blei av Morgenbladet og Norsk litteraturfestival på Lillehammer i 2015 kåra til ein av dei ti beste norske forfattarane under 35 år.
Det som kjenneteiknar Kjellands poesi, er eit høgt oppdrive tempo der ho kombinerer det folkelege med det meir opphøgde. I årets samling kan ein definitivt krysse av for høgt driv, både når det gjeld dei korte setningskonstruksjonane og i spranga og rørslene poeten gjer. I tillegg handlar boka om eit kjærleiksforhold, som skal gå i knas, mellom det lyriske eget og eit du. Og det handlar mykje om mat, ingrediensar, det overdådige og nyting, fenomen som vekkjer det kroppslege og sanselege til livet.
Det er ikkje slik at forholdet slår sprekkar mot slutten, for slutten kjem inn som frampeik alt frå starten av: «Stilen til framtida var fortid», heiter det eksplisitt tidleg i boka.
Og når det gjeld sprekkane, som rommar ulike utvegar, blir dei påtalte alt i den første av bokas fire seksjonar: «Sprekkene, tapetskjøtene, fugene i rommet var muligheter, rømningsveier. Jeg blei sømmen i ei bukse, rant ned i sluk, i pastavannet, inn i buketter, jeg løp ned trapper og ut.»
Tekstane er sette opp som prosa, der linene går heilt ut til høgremargen. Tekstane kan likevel lesast som poetiske nedslag som lyftar seg or relasjonen som forteljinga konsentrer seg om, her finst bilete som har kraft nok til å splintre, bryte opp og or forteljinga, her finst passasjar som kan lesast i økopoetisk retning, ja, storlommen, skarven, kaiene, hakkespettane og skjærene me les om, speglar det svinnande artsmangfaldet, men også lyfte om fridom. Og boka faldar også ut ein refleksjon over kva tyding framtidsbilete har for korleis ein (ny)orienterer seg i verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.