Bok

Om å kontrollera ei tidlegare krise

Wienerkongressen fungerer godt som både realpolitikk og såpeopera.

To attraktive kvinner var prinsesse Dorothee av Kurland (t.h.), som Talleyrand fekk barn med, og systera prinsesse Wilhelmine, som Metternich var desperat forelska i.
To attraktive kvinner var prinsesse Dorothee av Kurland (t.h.), som Talleyrand fekk barn med, og systera prinsesse Wilhelmine, som Metternich var desperat forelska i.
Publisert

Mange av oss sit for tida heime i anten tvungen eller sjølvpålagd karantene. Men vi kan ikkje driva heimekontor heile tida. Så vi kan lesa bøker. Eg ser at mange no vil lesa epidemibøker, som Pesten av Camus. Men det kan ikkje vera særleg avkoplande. Så eg vil her tilrå lesinga av ei bok som både tilfredsstiller kravet om å handla om noko alvorleg og gjev oss ein pause frå notida. Ho er skriven av den amerikanske historikaren David King, som har skrive andre uhyggelege bøker: om ein seriemordar i Paris og om Hitlers ølhallkupp. Men Vienna 1814 er meir optimistisk, rett nok mot ein fæl nok bakgrunn.

Korleis var det til dømes i Europa under Napoleonskrigane, då så mange som 7 millionar døydde av krig og svelt i ein periode på 20 år. Litt av ein pest det òg. Verre enn korona. Og korleis vart ein slik «epidemi» kontrollert? Det fine med denne boka, om Wienerkongressen, er at ho handlar om slik kontroll på eit vis som er både historisk grundig og så drivande godt fortalt at vi kan identifisera oss med desse menneska som trass alt søkte freden. Faktisk kunne boka ha vore brukt som dreiebok for ein av desse seriane som HBO eller Netflix lagar, med langt større utbyte enn fantasiseriar som Game of Thrones.

Fredskongress

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement