Teater

Om blikk kunne drepe

Blikk er ungdommeleg og fartsfylt om eit gammal fenomen som har fått nytt namn.

Framsyninga syner korleis Canan (Hina Zaidi) blir møtt då ho byrjar på ungdomsskulen.
Framsyninga syner korleis Canan (Hina Zaidi) blir møtt då ho byrjar på ungdomsskulen.
Publisert

Den nyaste ordboka eg har, frå 2018, inneheld ikkje oppslagsordet blikking. Men fenomenet er velkjent og har ei lang, lang historie. Eit heftig masseslagsmål mellom jenter på Hersleb vidaregåande skule i Oslo inspirerte den norsk-tyrkiske dramatikaren og regissøren Mine Nilay Yalcin til å lage teaterframsyninga Blikk. Ei fartsfylt og tidvis brutal oppleving både for publikum og jenta som blir utsett for blikkinga.

Paradokset er at alle ønskjer å bli sett, men ingen ønskjer å bli blikka. Her er det tale om å bruke blikket for å utøve makt over andre, ofte støyte dei bort eller korrigere dei på sterkt negativt vis. Det kan minne om «det vonde auget» vi kjenner frå folketrua. Her har det sin parallell i Medusa frå gresk mytologi, ho som etter eit overgrep blei til eit monster som gjorde menneske til stein om dei møtte blikket hennar.

Psykisk vald

Jenter som opplever denne psykiske valden, for det er visst især eit jentefenomen, kan oppleve det som trugande, og i somme høve kan det bli opptakten til større konfliktar. Stundom med bruk av fysisk vald. Men før det eventuelt kjem så langt, er dette ein effektiv form for mobbing som ikkje så lett blir avslørt av til dømes ein lærar eller andre autoritetspersonar. Ofte kan det såre minst like mykje som ord.

Den reine jenteframsyninga på ein så godt som scenografifri scene syner korleis norskpakistanske Canan (Hina Zaidi) med ope sinn og store forventningar om å vinne nye venner når ho byrjar på ungdomsskulen, blir møtt av «Hennes Majestet» og hoffet hennar som berre har eitt mål: å dominere og markere revir ved å halde dei usikre nede. Med ein lærar som ser lite og skjønar endå mindre (og kanskje ikkje er så interessert i å forstå), har dei lett spel overfor den nye eleven.

Fysisk vald

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement