Bok

Om det språklause

Diktaren rettar søkjelyset mot det rike og verdfulle indre livet til barnet.

Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Erlend Skjetne er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Publisert

Litteratur er språk. Poesien nyttar språkressursane fullt ut. Men kva skjer om ein ikkje har noko språk, om ein blir fødd utan evna til språkleg kommunikasjon? Nettopp det er det Erlend Skjetne utforskar i Alt som skranglar, gjennom eit barn som manglar språk, og ein far som freistar å skjøna kva dette djupast sett er.

No står poesien i ein privilegert posisjon til å gje det språklause språk, for som Johan Sebastian Welhaven seier i «Digtets Aand»: «Hvad ei med Ord kan nævnes/ i det rigeste Sprog,/ det Uudsigelige,/ skal Digtet røbe dog.»

For kommunisera kan dei språklause gjera på fleire vis, og ikkje berre gjennom teiknspråk: «Men skarpsynet har du. Eit skjelande blikk/ som stundom fikserer ein liten smil.»

Stille

Treng ein alltid eit artikulert språk for å seia noko viktig? Nokre gonger kan det vera nok med ein liten smil, som Skjetne så framifrå får fram her. Og kanskje er det diktinga som kongenialt viser oss alle desse førspråklege stadene: «Du er ei historie du ikkje sjølv kan fortelje.» Men paradoksalt nok blir det språklause skrive inn i meiningstunge liner, som gjev det stumme barnet si eiga historie: «Du kan dei fleste språk, og nattspråket snakkar du flytande.»

For i stilla finst det kan henda noko som vår støyande verd ikkje ser: «Stilla di er smittsam, magisk. Jamvel dei verste skravlebøttene/ slit med å finne ord, om vi møter dei tilfeldig på bussen eller butikken.» I desse fortetta linene syner diktaren at jamvel språket kjem til kort nokre gonger. Noko av det finaste med samlinga er at ho unngår å redusera barnet til eit sjukdomskasus, men heile tida framhevar det menneskelege perspektivet. Det er det rike og verdfulle indre livet til barnet som diktaren fokuserer på, noko som er det mest sympatiske med Skjetnes diktsamling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement