Bok
Om tru, tvil og tyl
Rolf Losnegård skildrar folkelivet med overdriving, melodrama, innsikt og infamitet.
Rolf Losnegard har gitt ut ei rekkje bøker og skodespel og er mest kjend som manusforfattar for Kinnaspelet.Rolf Losnegard har gitt ut ei rekkje bøker og skodespel og er mest kjend som manusforfattar for Kinnaspelet.
Roman
For vel femti år sidan gjekk det ein serie på NRK med tittelen Maksveringar, og denne serien vart populær der eg budde. Mange gjekk ikring og sa «rimelegvis» på ein spesiell måte etter ein av karakterane i serien, og eg merkte meg namnet på manusforfattaren, Rolf Losnegård.
No ligg det føre ein tjukk roman, Prinsen av Håla, av same Losnegård, og den vekkjer minne frå Maksveringar, både ved likskap og ved skilnad. Likskapen er miljøet, ei arm og karrig vestlandsbygd i etterkrigstida. Skilnaden er at der Maksveringar først og fremst var ein komedie, er Prinsen av Håla å forstå som ein tragedie.
Medan forfattaren absolutt spela på heimebane i det komiske, er han stundom på bortebane i det tragiske, som tidt vert til melodramatiske arvelutar frå gotisk litteratur, med drap i natt og skodde, med blod og skrik og fælslege lagnader. Kvar for seg kan dei godt vera truverdige, men samla verkar dei konstruerte og mindre engasjerande enn dei skildringane frå folkelivet som elles trengjer seg fram or den rike kapitalen Losnegård har av røynsler og gode observasjonar.
Overdramatisert
I Håla bur guten Magnus. Han er son av ein epileptisk, sterkt religiøs og tidvis sinnsforvirra emissær, Alvin, og ei bergensk kvinne som heiter Elvira. Dei bur saman med fleire generasjonar familie, der eit slags overhovud er den beiske oldemora Malena.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.