Bok
Om ytring, men mest om å ikkje ytra seg
Boka Hva er ytringsfrihet gjev god innføring i juridisk praksis kring paragraf 100, for studentar og lekfolk.
Anine Kierulf er førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. Spesialfeltet hennar er konstitusjonelle spørsmål, menneskerettar og ytringsfridom.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Anine Kierulf er ein jurist og førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo som er mykje sett pris på. Ho fekk i 2015 Noregs forskingsråds formidlingspris «for å vere ei viktig og truverdig stemme i ålmenta i spørsmål som gjeld menneskerettar og ytringsfridom». Og ho dukkar stadig opp i Dagsnytt 18, der ho med tilsynelatande overtydande (for oss ikkje-juristar) juridisk språk fjernar forvirring (hos oss ikkje-juristar).
Ikkje rart at ho nyleg vart oppnemnd av Kunnskaps-
departementet til leiar av ei ekspertgruppe for akademisk ytringsfridom. Heller ikkje rart at ho no har kome med ei bok i «Hva er»-serien om nettopp ytringsfridom.
Der skal ho greia ut «Hva går den ut på? Hvorfor og hvordan er den beskyttet? Hvordan forholder den seg til andre verdier, og hva begrenser den? Målet med boken er å forklare hvorfor ytringsfriheten i Norge er som den er». Men berre så det er sagt med ein gong: Ytringsfridom, som Kierulf sjølv gjer merksam på, er ikkje eit tema berre for juristar: Det kan studerast «historisk – når og hvordan oppstod ytringsfriheten? Eller idéhistorisk og filosofisk – hvorfor oppstod tanken om denne rettigheten? Og hvordan har ytringsfriheten endret seg, hva har påvirket dens begrunnelser og begrensninger?». Dessutan politisk og religiøst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.