Bok
Openberring
Åshild Tveit skriv personlege og nære dikt om sjukdom.
Åshild Tveit debuterer som lyrikar.
Foto: Rune Hammerstad
Åshild Tveit (f. 1971) debuterer som lyrikar med Stråle 3. Det er ein sein debut, som det heiter, men det er ikkje noko gale i det, særleg ikkje i eit land der debutantane berre vert yngre og yngre.
Som tittelen indikerer, krinsar boka om sjukdom og kreft, framført i enkle og upretensiøse vers, men likevel verknadsfullt og gripande. Opningsdiktet er eit av dei beste i samlinga, og det slår an eit velkjent motiv i kunst- og litteraturhistoria, dødsdansen eller danse macabre – særleg Hans Holbein nytta dette motivet i ei rekkje framifrå tresnitt og trykk: «Eg dansar tango/ med døden/ meg og han/ han held meg melankolsk i armane sine/ og let meg gråte.»
Avstand
Alt er personleg og nært, men samstundes etablerer ho såpass stor avstand mellom forfattar og verk at sjukdomshistoria ikkje vert for påtrengjande. Det er flott at Tveit er så open og ærleg om den alvorlege sjukdomen.
I boka Illness as Metaphor (1978) går den amerikanske forfattaren Susan Sontag, som sjølv var kreftpasient, til åtak på myteskapinga kring sjukdom. Det er metaforane som opphavleg vart nytta til å forklåra sjukdomane, som er fyrste årsaka til mytologiseringa.
For det latinske ordet cancer tyder eigenleg kreps. Og då er ikkje vegen lang til oppfatningar om straff og skuld, som sjølvsagt legg ytterlegare stein til børa for den sjuke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.