Film

Opne auge til opne sinn

At eit tema som autisme er meir framme i media enn før, betyr ikkje at du har høyrt alt.

I dokumentarfilmen møter vi born frå ulike verdsdelar.
I dokumentarfilmen møter vi born frå ulike verdsdelar.
Publisert

I 2007 skreiv ein japansk trettenåring med sterk autisme ei bok om korleis det kjendest å vera avstengd frå den verda me andre lever i. Det opna for ein heilt ny måte å sjå på personar i autismespekteret på, at dei inni seg kunne ha eit språk som kunne formidlast i skrift, om ikkje i tale.

Brave new world

Det har kome fleire dokumentarfilmar om autisme dei siste åra – frå heilsjarmerande, kommerse Kjærlighet på spekteret (2019) til dei som tek for seg tyngre tilfelle, som danske He’s my brother (2021). Av bøker om temaet er Olaug Nilssens Tung tids tale (2017) og Lars Amund Vaages Syngja (2012) sterke skildringar frå livet til dei pårørande.

Kva som skjer inni hovudet til hovudpersonane sjølve, er vanskelegare å vita. Såleis er kanskje noko av det mest problematiske med Hvorfor hopper jeg at han i verste fall kan påføra dårleg samvit for pårørande som ikkje har «prøvd alt». Dei har prøvd å ta høgde for at det sjølvsagt er store individuelle skilnader, akkurat som med alle andre menneske, men for meg var dette ei augeopnar med tanke på det som alltid vert sett på som hovudutfordringa: kommunikasjon og å visa kjensler.

Sjåverdig

Eg veit ikkje kva eg finn mest fascinerande: at Naoki Higashida faktisk klarte å skriva ei heil bok om det å føla seg annleis, eller at dei to unge amerikanarane stavar seg fram til kompliserte resonnement via ei bokstavtavle. Det verkar beint ut mirakuløst for ein som berre har erfaringa si med autisme gjennom dei nemnde filmane og bøkene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement