Bok

Opp- og nedturar

Cornelius C. Steinkjer vil meir enn han får til.

Cornelius C. Steinkjer er fødd og oppvaksen i Oslo og arbeider som journalist.
Cornelius C. Steinkjer er fødd og oppvaksen i Oslo og arbeider som journalist.
Publisert

Cornelius C. Steinkjer er ein ung debutant, født 1998 i Oslo, og det er frå Oslo han hentar stoff og handling til debutromanen Sorl, der han gjennom nokre år følger hovudpersonen Lyder Alvings kamp med seg sjølv. Lyder har ei bipolar liding; han er høgt oppe og djupt nede, blir innlagt, medisinert og sett i terapi utan at det dempar rastløysa og kverninga i hovudet og kjensla av å stå utanfor sitt eige liv.

Samtidig held han fast ved ein fasade som vellukka kulturjournalist, ein sjølvsentrert og arrogant vestkantgut med dyre vanar. Han taklar ikkje overgangen frå freelancar til fast stilling, blir sparka og lever deretter på kjærasten Hedvig Wangel mens han skriv ferdig eit romanmanus som blir avvist frå tre forlag.

Draumar og ambisjonar er større enn talentet, og dette har han tungt for å ta inn over seg, for han ser for seg at han kan levere bidrag til verdslitteraturen. Denne mangelen på sjølvinnsikt blir noko dei næraste må ta omsyn til, og på ulikt vis prøver dei å justere sjølvbiletet til Lyder.

Utan sting

Trass i eit sjølvdrap («Ulriks premature død!»), eit turbulent kjærleiksliv og heftige diskusjonar kring kunst og teater, er teksten ganske fri for både dramatisk og psykologisk nerve og sting, og da hjelper det lite å utstyre persongalleriet med namn frå Ibsens skodespel – ein møter i tillegg til Lyder Alving og Hedvig Wangel også Rebecca Tesman; og ut frå etternamn finn ein Løvborg, Rank, Engstrand, Gregers (ein hund), Rubeck, Allmers og Werle.

Det er fikst, men det gir verken djupn eller substans til teksten som etter kvart blir ein langdryg og retningslaus affære der bridge fyller mange sider og essayistiske refleksjonar kring teater og forfattaryrket fyller enda fleire. Når språket undervegs blir ganske stivt og stilleståande med pompøse utfall som «Lidelse er livets valuta» og «Jeg sto overfor valget for en evighet», blir inntrykket at her har forlaget vore ganske slepphendte med språkvask og korrektur.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement