Musikk

Oppstemt og melodisk

Kjetil Mulelid har funne ein melodisk makker i Rune Nergaard.

Kjetil Mulelid leier trioen med Andreas Winther (t.v.) og Rune Nergaard.
Publisert

Det har gått mest tre år sidan førre trioplate, Who Do You Love the Most. Nergaard har teke plassen til Bjørn Marius Hegge. Dette er sjølvsagt med på å gje trioen eit anna uttrykk, ein ny dynamikk. Den syngjande tonen og dei mange flotte melodiske passasjane til Nergaard er med på å forsterka ei side ved triomusikken til Mulelid.

Framleis er dei oppstemde og melodiske temaa til Mulelid noko som særmerkjer uttrykket til trioen. På denne plata har han skrive alle åtte låtane. Sjølv om musikken er oppstemd og storslått, blir han aldri svulstig. Mulelid har som alle andre pianistar lånt øyre til Keith Jarrett, men ein finn også inspirasjon frå nordiske pianotrioar. Med dette utgangspunktet har Mulelid skapt sin stil og sitt uttrykk.

Trioen glir saumlaust og uanstrengt frå tema til improviserte strekk. Bidraga til Nergaard er alt nemnde. Mulelid er sjølvsagt hovudsolist og serverer mang ein inspirert solo der koret på «And the We Turned Away» er eit høgdepunkt. Det same skal også seiast om den frie kollektive improvisasjonen på «Any Day Now». Winther er ein solid rytmisk botnplanke, men i tillegg fargelegg han med velutvikla formsans. Det nyanserte cymbalspelet hans er ein illustrasjon på dette.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement