Bok

Oppvekst og nedvekst

Origo byr på godt handverk, men teksten er litt for glatt.

Anne-Maren Hammerbeck har ein bachelorgrad i skapande skriving frå Litterär gestaltning i Göteborg.
Anne-Maren Hammerbeck har ein bachelorgrad i skapande skriving frå Litterär gestaltning i Göteborg.
Publisert

Poesidebutanten Anne-Maren Hammerbeck skriv prosanært og forteljande i Origo. Origo kan tyde opphav, nullpunkt, men også skjeringspunkt der fleire forhold møtest og kryssar kvarandre.

Alle desse tydingane verkar dekkande for det som er på gang i debutboka til Hammerbeck, som nett dreier seg om forholdet mellom eit «ho» og ein mann og mellom «ho» som lita jente og mora, også omtalt som «orakelmor» og «den lille mora». I forholda og møtepunkta som utfaldar seg mellom ho og mannen, vert forteljinga og minna om jenta og mora aktiverte.

Prosa som dikt

Å gripe konkret kva som har skjedd mellom ho og mora ein gong i fortida, er ikkje heilt enkelt, anna enn at lesaren ensar at noko ikkje har vore heilt i orden. Om ein skal våge seg på ei tolking, verkar det som problema handlar om splitting, avvising, og at ho som lita har måtta bere mykje av moras sorg.

I opptakten til, eller forlenginga av, desse relasjonane kan ein sjå alle hovudmotiva teksten langsamt utviklar, altså tilvisingane til dei mjuke, våte og harde steinane av gneis og granitt, erosjon, plommer, plommesteinane, egg, frø og skal. Desse geologiske, biologiske og botaniske bileta set i scene kampen mellom veksande og nedbrytande krefter.

Som lesar får ein ei kjensle av at teksten i Origo er prosa sett opp som dikt. Det er mykje luft mellom orda, lite tekst på kvar side, og gjentakingar og framhald på den følgjande sida, slik at bladvendinga trer verknadsfullt inn som del av tekstrytmen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement