Bok
Orda slynger seg rundt tidsaksen
Meisterleg er det sikre anslaget i dikta, men like fullt bør ein akte på den overrumplande sluttlina.
Lars Saabye Christensen debuterte med ei diktsamling i 1976. Denne fekk han Tarjei Vesaas’ debutantpris for.
Foto: Magnus Stivi
Sjølv om Arnardos dør av Lars Saabye Christensen ifølgje forlaget har blitt til over tid og dikta stammar frå ulikt hald og periodar, er det ein tydeleg konsistens her. Ikkje slik at dikta er til forveksling like, men i måten dei er bøygde og forma. Med ei gjennomgripande språkleg haldning og eit samla syn på verda talar dikta saman og fyller kvarandre ut. Likevel er dette framfor alt ei diktbok der enkeltdiktet står fram.
Tid
Tematikk og motiv er i hovudsak, vil eg tru, alt kjende frå forfattarskapen. Utan at eg kan skilte med belegg frå ein empirisk frekvensanalyse, synest eg eitt motiv peikar seg ut i Christensens forfattarskap uansett sjanger, nemleg forholdet til tida, anten ho går, har stansa eller definitivt er forbi. Arnardos dør representerer i så måte ikkje noko unnatak i forfattarskapen, tvert om, nesten kvart dikt snor og viklar orda sine rundt tidsaksen, til liks med titteldiktets avsluttande liner: «Det er døren for oss som ennå ikke vet/ om vi kommer eller bare går». Og sjølv forfattarens energiske ferd blir stogga av den besjela og tolsame tida i kortdiktet «Påminnelse»: «Tiden tok meg til side/ og sa: ta det med ro, Lars/ Du kan uansett bare bruke/ ett par sko// om gangen».
På hovudet
Ofte grip dikta fatt i ståande vendingar, i etablerte bilete og gjengse seiemåtar. Raskt blir desse utsette for språklege utdjupingar, ironiar og modifiseringar som snur verda eller seiemåten heilt eller delvis på hovudet, i det minste på skakke, i ein slik grad at ein undrar seg kvifor ein vel slike talemåtar utan å tenkje over det: «Livet ligger ikke foran deg/ I hvert fall ikke hele tiden/ Da må du tro om igjen/ Livet går helst ved siden av».
Slik kan eit dikt bore seg vertikalt gjennom språkoverflata og nedover ved å halde fast i skjelettet av det eine biletet det starta med, og slik landar også linene frå det siterte diktet, til slutt, innafor sin eigen bilethorisont: «Livet holder stort sett følge// Som en skiløper i altfor stor anorakk».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.