Bok
Oscar Wilde som kritikar
Kritiske essays gir oss eit tankevekkjande møte med Oscar Wilde.
Dei kritiske tekstane til Oscar Wilde er leseverdige, skriv litteraturvitaren Kjetil Berthelsen.
Foto: Library of Congress / Wikimedia Commons
Forfattaren Oscar Wilde (1854–1900) er ein av dei store originalane i engelsk litteratur. Han var estetikar, opprørar, rabulist og humorist, og utstyrt med ei nær sagt eineståande formuleringsevne. Mellom lærarane sine på Oxford kunne han rekna kritikaren John Ruskin og estetikaren Walter Pater, og særleg Pater kom til å bety mykje for han.
I ei av mange aforistiske formuleringar seier han: «The two great turning-points of my life were when my father sent me to Oxford, and when society sent me to prison.»
Friskt pust
Det gneistrande og overstrøymande viddet hans var legendarisk, og han var eit friskt pust i den lumre viktorianske stovelufta, som han brukte heile den litterære slagkrafta si til å ruska opp i. Det er nok ein av grunnane til at det gode borgarskapet tok så sterk hemn etter rettssaka og dommen for homoerotisk aktivitet, som kom til å ruinera både økonomien og helsa hans. Etter at han vart lauslaten, skreiv han det gripande diktet «The Ballad of Reading Gaol», attdikta til norsk av Johannes Gjerdåker.
Wilde er nok mest kjend for skodespela og romanen The Picture of Dorian Gray, men òg dei kritiske skriftene hans er vel verde å lesa. Det er denne sida ved Wilde som er trekt fram i Kritiske essays, der ein tydeleg kan sjå spennvidda i forfattarskapen.
Oscar Wilde hadde anarkistiske sympatiar og skreiv essayet «Mennesket og sosialismen», som er med i boka. Den opphavlege tittelen er «The Soul of Man Under Socialism» (1891), så ei meir korrekt omsetjing ville ha vore «Menneskets sjel under sosialismen». Men det er inga stor sak. Elles kan ein spørja seg om somme av tekstane eigenleg er essay, men den diskusjonen tek eg ikkje opp her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.