Bok
«Oskamps aksept og varme smittar, og vi les med interesse om inngrodde neglar og hammartær.»
Katja Oskamp er fødd i Leipzig og voks opp i Berlin. Ho studerte teatervitskap og arbeidde som teaterregissør før ho vart forfattar.
Foto: Paula Winkler
Om føter og røter
Katja Oskamp ser mennesket bokstaveleg tala nedanfrå.
Tyske Katja Oskamp har skrive fleire bøker og jobba med teater. Med Marzahn, mon amour har ho laga ei nydeleg lita samling miniportrett av kundane i ein fotpleiesalong. Salongen ligg langt aust i Berlin, i det tidlegare DDR.
Marzahn var ei stund den største drabantbyen i den tyske hovudstaden. Til salongen kjem alle slags menneske med føter som ber sterke og ofte smertefulle vitnesbyrd om krevjande liv. Sjølv om forteljaren (som har mykje til felles med forfattaren) har bakgrunn frå eit kulturelt sett meir prestisjefylt miljø, er blikket hennar på menneska ho møter, prega av ein grunnleggande og sjølvsagt respekt.
Språket er enkelt, og kvart kapittel er som små smykke av presise, talande detaljar. Fru Bonkat snakkar med «et ørlite snev av et underkjølt, nordisk tonefall». Om Tiffy, den stolte eigaren av salongen, får vi vite: «Hun vil ikke ha takk, og hun vil heller ikke måtte si takk.»
Blir fotpleiar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.