Film

Oslo aust 2.0

Jon Haukeland held fram med stilsikker dokumentasjon av livet for trøblete gutar på austkanten i Oslo.

Ungdomsarbeidaren Berat får i oppgåve å berge ungguten Mamo frå eit kriminelt nettverk.
Ungdomsarbeidaren Berat får i oppgåve å berge ungguten Mamo frå eit kriminelt nettverk.
Publisert

Mamo er ein villstyring. Han er femten år. Heimen er ikkje ein verande stad. Han har eit korrekt rykte på seg på Stovner for å vere involvert i dop og slåstkampar. Berat var ein villstyring. No er han miljøarbeidar. Mest ser han likevel på seg sjølv som kompis for gutar som Mamo. Berat forbarmar seg over guten, som han ser mykje av seg sjølv i. Dei to har eit nært forhold.

Metoden

Dokumentarfilmregissøren Jon Haukeland held seg til stil og tema frå Barneraneren (2016). Grensene mellom fiksjon og dokumentar er glidande. I Krigere spelar folk seg sjølv. Handlinga er basert på intervjua Haukeland har gjort med Mamo og Berat. Dei freistar setje i scene eigne minne med hjelp av andre aktørar frå Nav, barnevern og politi. Alle er seg sjølve. Orienteringa av publikum kjem i klartekst i byrjinga.

Dei meir spennande scenene i Barneraneren var kanskje grundig regisserte, men òg effektfulle. Mogelegvis gjer den klare meldinga i opninga meg meir medviten om spelet. Kor som er kjennest skodespelet stundom stivt. Vil eg berre bli lurt? Metoden er uansett tydeleg og god. Eksplisitt sjangerblanding er jo på eit sett det som ligg nærast sanninga.

Miljøet

Ein annan tradisjon Haukeland held i hevd, er å samle folk nokre år etter sist møte. Reunion – ti år etter krigen (2011) var eit glitrande prosjekt med å samle serbarar og kosovoalbanarar eit tiår etter at dei stod væpna mot kvarandre. No vender han tilbake til Oslo aust og unge gutar som fort fell utanfor.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement