Film
Oslolivets dans
Battle kunne teke tematikken han teiknar opp, meir på alvor.
Lisa Teige spelar dansaren som skifter miljø og dansestil.
Foto: Christine Stonegger
16 år gamle Amalie (Teige) har eit velståande liv på Oslos beste vestkant. Lidenskapen er moderne dans. Det materielle livet med vener og kjærast er friksjonsfritt. Heilt til faren ein dag går konkurs og dei to må flytte til Ellingsrudåsen på Oslos austkant.
Ny uttrykksform
«Du uttrykkjer ingenting. Du er heilt tom», seier den strenge danselæraren til Amalie tidleg i filmen. I aust møter Amalie ein hiphopdansar, Mikael (Tapia), som tar henne med på ein lokal «battle», ei tevling der dansarane har ei heilt anna uttrykksform enn Amalie er van med. Det vekkjer noko i henne, parallelt med at ho fell for Mikael. Takka vere han dansar ho betre enn nokon gong, motivert av ein komande audition til ein prestisjetung danseskule i Nederland. Læraren er imponert, veninnene misunnelege og kjærasten forsømd. Men dobbeltlivet blir vanskeleg å balansere i lengda.
Første dansefilm
Filmen Battle er basert på ein ungdomsroman av Maja Lunde, og han har blitt promotert som «Skandinavias første dansefilm». Filmen har minst eitt nikk til dansefilmklassikaren Dirty Dancing, både i dansescenene og i kjærleikshistoria mellom Amalie og Mikael. Vestkantforankringa, musikkbruken og den digitale kommunikasjonen gjer også at Battle føyer seg inn i eit estetisk post-Skam-univers, NRK-serien der hovudrolleinnehavaren Lisa Teige jo hadde ei sentral rolle.
Til forskjell frå Skam, som fekk kritikk for å vere for vestkantvridd, viser Battle Oslo frå to sider – eller to byar. Aust–vest-skiljet fungerer som ein metafor for Lisas personlege utforsking og oppdaging av kven ho vil vere. Samtidig blir dette skiljet noko karikert og kunstig. Det er aldri ein kommentar til dei sosiale problema i aust; vi ser berre eit estetisert, kult aust med multikulturelle dansarar som ser langt friare ut enn motpartane i vest. Det kan i og for seg stemme, men eg saknar meir nyanse og brodd rundt denne tematikken, som også ber på eit paradoks: Amalies vitalisering skjer gjennom å ta klasseheisen nedover. Endeleg har ho noko å uttrykkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.