Musikk

Overraskande ustabil rap

Det første duoalbumet frå Kanye West og Ty Dolla Sign er prega av dristig produksjon og problematisk, sjølvoppteken syterap.

Kanye West er aktuell med eit nytt album i samarbeid med Ty Dolla Sign, Vultures 1.
Kanye West er aktuell med eit nytt album i samarbeid med Ty Dolla Sign, Vultures 1.
Publisert Sist oppdatert

Hiphopstjernene Kanye West og Ty Dolla Sign har gitt ut sitt første duoalbum, Vultures 1. Eg har høyrt ein heil del på ein versjon som lak ut på nettet for ei tid sidan, og hadde ein idé om at denne meldinga skulle bli relativt uproblematisk å skrive, men så tumla eg ned i det mørke kaninholet Kanye West har grave for og kring seg sjølv.

Det første som slo meg då eg sette på den endelege utgjevinga, var at det som skulle vere opningssporet, «Everybody», manglar. Backstreet Boys gjekk tilsynelatande ikkje med på å låne musikken sin til prosjektet. Det ville kanskje ikkje vi heller, slik som artisten-som-trur-han-er-gud (bokstaveleg tala) driv og talar politikk og bruker kjendis- og milliardærstatusen sin til å spreie betente raseteoriar for deretter å surmule i det lange og breie om kor smertefullt det er å få kritikk for å ha ytra antisemittismar.

Elles er det mykje bruk av samplingar og tolkingar av kjent låtmateriale her, til dømes Donna Summer og The Police. Rapparen Freddie Gibbs’ bidrag til «Back To Me» – med Run DMC-samplingar – er høgdepunktet her. God låt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement