Bok

På bar og blomerik bakke

Når Jo Eggen skriv dikt om himmelen, gneg dei på røtene.

Jo Eggen er både lyrikar og gjendiktar.
Jo Eggen er både lyrikar og gjendiktar.
Publisert

Frå og med Stavkirkedikt i 2007 har Jo Eggen skrive ei rekkje såkalla reisediktbøker. Ramma for bøkene er reiser i land som Noreg, Irland og Sverige. I årets diktbok er Island reisemålet. Men Eggen fører ikkje ei vanleg reisedagbok, han er ingen historisk kronikør, han er poet, han er ein som seier frå, ein som seier ord: «diktet spruter ut av/ ordet».

Men dreg ein til Island, så kringsett av litteratur, legender, mytar, saga og dikt, er det vanskeleg å komme unna at stadene er djupt filtra inn i dette stoffet. Spørsmålet er vel kor ein startar og byrjar på nytt i villniset, slik landnåmsfolka gjorde – som var på veg bort like mykje som til noko anna. Utsynspunktet til dikta er likevel grunnleggjande her og no, i vår tid, slik ein ser i dei fem «Spøkelsesrim»-dikta som blant anna tek for seg nedlagd militærbase, tørrdokk og fiskemottak.

Uvanleg rik

Eggen byrjar den uvanleg rike diktboka så å seie på bar bakke, og slik Obstfelder gjorde i det kjende diktet, med å vende blikket mot himmelen. Det poetiske eget freistar sjå himmelen slik han er, men det er vanskeleg fordi staden er fylt av religiøse førestillingar, framtidsdraumar – litteratur. Det poetiske eget ser også «ingenting». Og ingenting er vilkåret for å skape litteratur. Samstundes speglar, skaper og legitimerer førestillingane som kjem frå ingenting – samfunna, sosiale og økonomiske hierarki.

Desse førestillingane er ustabile og motseiingsfulle, for når me i diktets andre del høyrer at «Regn! plutselig har himmelen tyngde», så blir ein ført ned i «himmelkjelleren», til trælkvinnene Fenja og Menja. Dei drog den store kverna som mol gull, fred og lykke for kong Frode, men fordi han dreiv dei for hardt, kverna dei ulykke over han. Seinare set kong Mysing dei til å male salt. Dei mel så mykje salt at skipet søkk. Vel forklarar ein her kvifor sjøvatnet er salt, men like mykje finst opprør og omkalfatrande kraft.

Brå kast

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement