Bok

På innsida av lyset

Det er ei glede at ei heil samling av poeten Guillevic er gjendikta til norsk.

Den franske poeten Eugène Guillevic (1907–1997).
Den franske poeten Eugène Guillevic (1907–1997).
Publisert

Det ligg føre fleire dikt og utval av den franske poeten Eugène Guillevic (1907–1997) på norsk, både Geir Pollen, Finn Øglænd, Anne Birgitte Rønning, Jo Eggen og Arvid Torgeir Lid har gjendikta Guillevic. Fram til gjendiktinga av Lysninger. Dikt 1973–1980 har ikkje ei heil samling vore gjendikta. Det er fint at så no er gjort, for slik blir det fornya merksemd om ein lyrisk forfattarskap som verkeleg fortener det.

Guillevic er naturlyrikar. Grafisk er utsjånaden til dikta iaugefallande, dei verkar ekstremt skrapa, eksakte, og enkeltord eller korte sekvensar står fram som språklege destillat, med mykje luft og rom rundt seg. Ein får kjensla av at orda er objekt lagde ned framfor lesaren og poeten. Og Guillevic ser på diktet og poesien som noko i sin eigen rett, ikkje som eit medium som formidlar kjensler eller det indre. Og fordi dikta er meiningsobjekt, er lesaren og poeten inkluderte i dei.

Guillevic opponerte mot surrealismen, han var ein poetisk realist som såg på poesien som noko som gjer det mogleg å leve det konkrete. I ei intervjubok seier han at poesien er det som gjer at me kan halde på med å halde på. Dette å halde på er jo i grunnen eit forhold, heilt konkret, for om ein held, så grip ein mot noko anna, og slik grip dikta inn i ulike samanhengar – som er samanhengen til diktet.

Dikta «Skrik» og «Latter» syner godt korleis Guillevic nett ser både skriket og latteren som forhold. Latteren blir til noko ikkje-essensielt, mangfaldig, variert. Latteren er slett ikkje berre unikt menneskeleg, for «Noen ganger skrattes det/ I alle fibriller».

Kunsten skal jo halde på med det unike og det eineståande. Æva hos Guillevic er derimot noko som er i forandring, for berre som skiftande og foranderleg kan æva stå i forhold til mennesket, elles vil det «Trekke nedover,// mot et sted utenfor/ Enhver geografi».

Guillevic skjerpar erfaringsmerksemda, og når dikta bevegar seg på grensa av den, oppstår det liner som også grundar over det som ikkje finst, og som påkallar filosofisk undring: «Se/ Tvers gjennom/ Det som kan sees». Og i linene rett etter ser ein korleis sambandet mellom naturen og mennesket finst: «Hvis du gråter/ Kan jeg forstå det,// Jeg er vant/ Til doggen».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement