Knut Hamsund: Dikte Les upp att. Lenge sidan sist. For lenge sidan har eg sett krossar ved dikti til Bjørnson, «Nordland», «Skjergardsøy». No merkjer eg òg ut diktet «Ved Böcklins Død». Det er godt bygt, fast, det er konkret, for han går ut ifrå bilete han har sett av meisteren, Jau, dette diktet er meisterleg, eg skal ikkje segja noko um Böcklin som målar.
«Himmelbrev til Byron» er skralt, – og dumt. Elles er dikti svært tidsbundne og litterære; språket reint dansk. Eit merkeleg dikt er «Margaret Mort», um den blinde gjenta.
Elles: kavaler-dikt. Synd han ikkje var fødd junker! Men so beisk kan lagnaden vera. At ein «adelsmann» skal vera son av ein fatig bonde! Det er for gale!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.