Film

Perler for MSM-tvilarar

Endangered er diverre ein film for dei som alt skjønar kva trugsel demokratiet står overfor når folk ikkje trur på journalistar.

Pressefridomen står i fare, seier dokumentarfilmen frå Heidi Ewing og Rachel Grady.
Pressefridomen står i fare, seier dokumentarfilmen frå Heidi Ewing og Rachel Grady.
Publisert

Pressefridomen står i fare – ikkje berre i land som Mexico, Brasil og Russland, men også i USA, eit land som ser seg sjølv som ytringsfridomens høgborg.

Alle andre

Det skortar ikkje på dokumentarfilmar og spelefilmar som tek for seg kor dårlege kår pressa har og har hatt (sjå eigen notis). Spørsmålet er om dei når ut til dei som burde sett dei. Berre nokre timar etter premieren på Endangered på strøymetenesta HBO Max ligg det to omtalar på filmnettstaden iMDB. Den eine er positiv, den andre lyder slik: «If you are a Far Left Wing viewer, you’ll love this. Everyone else should give it a pass like you would the evening news.»

Det seier diverre det meste om korleis omdømet til det underleg utskjelte MSM (mainstream media) er. Filmskaparane Heidi Ewing og Rachel Grady har laga filmane Jesus Camp og One of us, som begge handlar om å verta utestengd av familien i eit religiøse samfunn, og jobbar slik med å bruka si eiga stemme som journalistar til å avdekka urett, hykleri og direkte misbruk. No tek dei for seg kva som skjer med kollegaer i inn- og utland. Og takken er altså ironisk nok mistenkeleggjering.

Sånn passeleg

Temaet er altså kanskje noko av det viktigaste ein kan ta opp i desse dagar, men eg vil likevel seia at det finst meir engasjerande dokumentarar enn dette. Kanskje eg er miljøskada av covid-19-pandemien, men Zoom-samtalar med delt skjerm gjer at eg får lyst å slå over på noko anna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement