Film

Personleg, politisk

Regissøren har ein klar posisjon i ei brei, grei oppsummering av Giske-saka.

Trond Giske på valkampturné
Trond Giske på valkampturné Trond Giske på valkampturné
Publisert

Dokumentarfilm

Etter sjarmerande Opprørske oldemødre og imponerande Hatets vugge er dokumentarfilmskaparen Håvard Bustnes heime igjen. Han har følgt Trond Giske på signingsferd året etter at dei første varsla kom mot politikaren.

Humpete tur

Filmen er ein berg-og-dal-bane der saka stadig tek nye vendingar. Samtalar i bilen er prega av at Giske set grenser. Han vil ikkje snakke om den sentrale saka. At dei to knapt vil vere i lag, gjev ei spent stemning som snakkar om debattklima i større skala.

Bustnes vil vise publikum at han er uroleg for å vere eit talerøyr for reisefølget. Tydelege forklaringar av forteljarstemma i tillegg til synlege mikrofonar og kamera skaper avstand. Utstyret kommenterer òg at politikken er sett i scene. Klipp og struktur viser at regissøren tek seksuell trakassering på alvor.

Hell Amfi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement