Musikk
Pianist på divanen
Kva er det som driv Andsnes som kunstnar og menneske?
Harald Eia og Nils Brenna analyserer personlegdomen til Leif Ove Andsnes.
Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes
Eit festspelarrangement av den lettare typen var live-analysen av Leif Ove Andsnes’ personlegdom i Grieghallen førre fredag. Han hadde på førehand teke personlegdomstesten «Big Five», og i samtale med kandidaten blei resultata lagde fram av analytikar Nils Brenna og komikar og sosiolog Harald Eia. Tospannet har halde på med slikt ei stund, i P2-programmet «Sånn er du» og i podkasten «Big 5».
Sidan spørsmåla var i overkant nærgåande, frykta eg klein stemning. Men svara til Andsnes var ærlege og uredde. Han veik ikkje unna det vonde, og hans lune sjølvironi kombinert med Eias naivt nyfikne komikk skapte ei fin blanding av skjemt og alvor.
Martyr for kunsten
Femfaktormodellen (kjend som «Big Five») er den leiande trekkpsykologiske tilnærminga innan personlegdomspsykologien. Modellen skildrar, og skil mellom, fem overordna personlegdomstrekk: i kva grad ein er «open», «planmessig», «ekstrovert», «omgjengeleg» og «nevrotisk». Kvart av desse skil i sin tur mellom seks underordna trekk, og det var desse som blei diskuterte i detalj.
Testresultata blei presenterte i tal og samanlikna med andre kjende nordmenn. Dette var artig nok, men det eigentleg interessante var Andsnes’ refleksjonar kring resultata på bakgrunn av eigne livsrøynsler. Scoren på «depresjon» (under «nevrotisisme») var høg, og han vedgjekk at dette var noko han hadde slite mykje med:
– Som ung dyrka eg dei mørke kjenslene, det å vera martyr for kunsten. Slikt trur eg ikkje på lenger, men ein må likevel kunna vera i kontakt med desse kjenslene. Mange komponistar, særleg Schubert, som eg framførte i går, var jo pinte sjeler. Men like viktig er det å kunna dyrka gleda og ekstasen i kunsten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.