Musikk

Pianolyd på nye måtar

Ei heil plate for solo piano som ikkje høyrest ut som eit piano.

Publisert

Jo David Meyer Lysne (f. 1994) har bakgrunn som jazzgitarist, men har – i aukande grad – laga musikk som kling langt frå det ein vanlegvis reknar som jazz. Den førre plata, Spektralmaskin, var eit samarbeid med Peder Simonsen, som spelte mikrotonal tuba, medan Lysne spelte gitar med e-bow.

Denne plata er ei slags vidareføring av dette arbeidet, men verktøyet er annleis: Her er hovudinstrumentet eit ordinært moderne flygel, men utan at nokon trykker ned tangentane. I staden vert lyden produsert ved hjelp av elektromagnetar som får strengene til å vibrera. Vanlegvis er det måten utøvaren handsamar tangentane på og den etterfylgjande slagliknande lyden som karakteriserer ordinært pianospel, anten det dreier seg om klassisk eller jazz, profesjonell eller amatør.

Lyden frå denne musikken minner derfor i minimal grad om det ein assosierer med instrumentet piano/klaver. Ofte kan det minna om lyden av eit mekanisk pipeorgel der registertrekka (knottane som representere ulike stemmer/klangkarakterar) er trekte ut halvvegs.

Eventuelt den gradvis forsvinnande lyden som kjem når ein slår av den motoriserte vifta medan ein held tangentane nede. Og mykje av dette minner om stryke- eller blåseinstrument der utøvaren kan påverka klangen ved hjelp av alternativ fingerplassering eller lufttrykk.

Dette prosjektet har mange interessante sider. Historisk kan det lesast inn i soga om ulike tangentinstrument, frå dei eldste til dei elektroniske. Det utfordrar vanlege førestillingar om «reint» og «ureint», «stemt» og «ustemt».

Og estetisk er det interessant med dei mange tilknytingane til alt mogleg frå «tidlegmusikkens» tonale ideal via modernistiske klangeksperiment til den alternative populærmusikkens bruk av elektronikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement