Bok

Poesiens mangfaldige prinsipp

Dobbeltliv har energiske formuleringar vovne inn i biletrike lyriske essay.

Pedro Carmona-Alvarez er forfattar, gjendiktar og musikar.
Pedro Carmona-Alvarez er forfattar, gjendiktar og musikar.
Publisert Sist oppdatert

Dei fem langdikta i denne utgjevinga kan ein lese som poetikkar, tekstar som freistar svare på kva diktekunst er og gjer. Tekstane er sjølve forma som dikt og uttrykkjer altså noko om diktekunstens vesen. Tittelen Dobbeltliv spelar på dette og på anna tvitydig, som til dømes kan kome av at poesien jaktar på likskapar og i det poetiske biletet jamfører og stiller saman fenomen.

Eksistensielle aspekt

Poesi i Carmona-Alvarez’ tilfelle har eksistensielle aspekt og handlar, slik eg les han, også om ei grunnleggjande haldning til verda som skaffar ein sjølv nye moglegheiter: «Poesien gjør det mulig å leve et dobbeltliv, skriver hun/ med sprittusjen, på en dassvegg, et ekko/ en måte å være i verden på/ som har poesien som grunnstein».

Liv, røynd og poesi viklar seg i kvarandre. Det poetiske livet utfaldar seg både i og ved sida av det såkalla vanlege livet. Men dette hadde ikkje vore dikt av Carmona-Alvarez viss dei berre søkte tilhald i éin einaste forklarande kongstanke, for dikt i denne poetens versjon er mangfaldige, gjer sprang og skyt ut i stadig veksande sidegreiner og bilete: «Vi ser etter dikt som får oss til å legge øret/ helt inntil mennesket og høre etter/ dikt som er soveputer, dyner, nattbord/ dikt som kan surres om føttene og kalles sko». Berre gjennom desse få linene ser ein at diktet både er ein forsterkar, gjer oss lydhøyre og får oss til å slappe av, og at diktet er til for å beskytte, brukast og slitast ut.

Kjøtfullt formulert

Jamvel om dikttekstane kryr av referansar til forfattarar, litteratur, mytologi og musikk, tek dei aldri spranget ut i høgttravande og doserande svev. Her blir ein møtt av energiske, kjøtfulle formuleringar vovne inn i biletrike lyriske essay. Den mest eksplisitte poetikkteksten er kanskje den eg har sitert frå her, «Takk for pengene». Kan hende viser tittelen til at poesien ikkje er uskuldsrein og verdsfjern, men plasserer seg midt i den kapitalistiske pengeøkonomien, og at poesien sjølv er eit avdekkingsinstrument som føreser slike kriser: «min jobb/ er å peke og se», skriv poeten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement