Bok
Poetiske krysspeilingar
Madrid kryssar utvunge mellom dei ulike laga og meiningssjikta som finst i byens overflod av butikkar, menneske, historiske bygningar og minnesmerke.
Sarah Selmer har gjeve ut fleire diktsamlingar sidan debuten i 2000.
Foto: Trude Rønnestad
Tekstane i Madrid bevegar seg gjennom ulike gatetablå i den spanske hovudstaden. Eit utsnitt av eit bybilete fortonar seg ofte flimrande og fragmentarisk, og slik er også førsteinntrykket av framstillingsforma. Lesaren møter eit lyrisk eg som legg ut på vandring frå torget Puerta del Sol og som, til slutt, endar opp ved utgangspunktet. Sirkelen er, kunne ein seie, slutta.
Sprang
Der prosaforteljinga bevegar seg framover, held desse dikta seg heller til fleire moglege himmelretningar samstundes. Ja, her går ikkje vandringa i rett line, eget og tekstane bryt og «bøyer» heile tida «av». Retningsskifta kan kome av stadens utforming, med hindringar og opningar: portar, monument, kryss, gatelaup og torg. Dei sprangvise rørslene kan også tilskrivast at historiske tilbakeblikk vekslar, utan overgang, med synsinntrykk frå notida og med indre refleksjonar og spørsmål.
Madrid kryssar utvunge mellom dei ulike laga og meiningssjikta som finst i byens overveldande overflod av butikkar, menneske, historiske bygningar, minnesmerke og palass som demonstrerer urettvise økonomiske realitetar. Ryttarstatuen av Filip III er til dømes eit historisk minnesmerke og politisk maktsymbol, men deltek også i andre samanhengar: den skulpturelle, arkitektoniske, teknologiske, anatomiske, historiske og så bortetter. Og ryttarstatuen har, i tillegg til dei abstrakte og symbolske laga, ein konkret, stoffleg basis: «raset i den hule hesten, inn gjennom hestens munn.»
Småkaotisk
Trass i at tekstane til Selmer er stramme, både formelt og innhaldsmessig, står dei fram som småkaotiske og stundom vanskelege å orientere seg i. Sjølv om lesarerfaringa mi kan vere ein ønskt effekt, at eg skal kjenne forvirringa det lyriske eget opplever når det krysspeglar seg gjennom den mangfelte metropolen, kan eg likevel sakne større tekstleg variasjon, at brota ikkje berre skjer innanfor dikta, men også mellom dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.