Bok
Politikk tel, men institusjonar avgjer
Jette F. Christensen etterlyser ein debatt om forholdet vårt til EU.
«Før var internasjonal politikk en arena for å flytte verden fremover. Nå handlar det om å hindre at vi sklir bakover.» Det skriv Jette F. Christensen (s. 122) i ei tankevekkjande bok om korleis det står til med demokratiet rundt om i verda. Ikkje berre langt borte, men òg i land som Polen og Ungarn. Ja, jamvel her heime er demokratiet truga, skal me tru den tidlegare politikaren frå Arbeidarpartiet. Ho sat på Stortinget frå 2013 til 2021.
Eit av døma er korleis kommunestyret i Kristiansand gjekk heilt av skaftet etter valet i 2019. Saka som splitta, var ei stor kunstgåve frå bysbarnet Nicolai Tangen, den seinare oljefondsjefen, og korleis ho skulle husast på kommunens rekning. Debatten vart fullstendig polarisert og følgd av partisplittingar og lausrivne kandidatar. På fjesboka kunne me lesa at no var det: «Full seier for folket. Pampeveldet styrtet. Nederlag for fiffen» (s. 113).
Om det lokale demokratiet av den grunn vart truga i Noreg, er eg meir tvilsam til. Museet med Tangen-samlinga opna no i mai, i den gamle kornsiloen attmed det nye konserthuset, og byen har fått nytt styre. Denne gongen med ein ordførar frå Høgre, medan det var Arbeidarpartiet som sat ved roret før siste val. Heilt gale har det ikkje gått hjå dei sindige sørlendingane.
Det eg finn mest interessant, og det sjølv om eg er frå Kristiansand, er det Christensen skriv om at rettsstaten «fremmer demokrati gjennom å ansvarliggjøre makthavere og vokte menneskerettigheter som beskytter minoriteter mot misbruk av flertallsmakt» (s. 40).
Her talar ho den norske Makt- og demokratiutgreiinga frå 2003 midt imot. Medan den konkluderte med at internasjonale lovregime, og då særleg EØS-avtala, har innskrenka handlingsrommet for nasjonalstatleg politikk, og at dette er eit demokratisk problem, meiner Christensen at det langt på veg er motsett. Den viktigaste føresetnaden for eit godt demokrati er gode institusjonar, og dei kan best utviklast i dialog med andre.
Sjølv har ho engasjert seg internasjonalt i slikt arbeid og mellom anna sete som representant i Europarådet. Men ho vil òg ha ein debatt om forholdet vårt til EU og kritiserer statsminister Jonas Gahr Støre for «å erklære at den norske befolkningen ikke er i stand til å føre en EU-debatt, fordi den vil være polariserende». Det «er ikke akkurat en tillitserklæring», slik ho ser det (s. 133).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.