Film

Postkort frå Provence

Historia om postmannen som bygde eit slott, er døsig og sentimental sommarkino.

Postmannen (Jacques Gamblin) brukar 33 år på å byggje det ideelle palasset.
Postmannen (Jacques Gamblin) brukar 33 år på å byggje det ideelle palasset.
Publisert

Kva sit ein att med etter å ha sett Slottet i Provence? At denne sanne historia om ein nevenyttig postmann kunne trunge ein meir interessant regi. Regissør Nils Tavernier går i biopic-fella, når han vel å filmatisere eit levt liv over fleire tiår. Det skal godt gjerast å få denne tidsskildringa til å bli engasjerande og overraskande. Plottkurva er så velkjend at ein ved vegs ende kan krysse av for konvensjonelle dramaturgiske grep. Hovudpersonen har hatt sine opp- og nedturar, men har i det minste hatt eit stormannsgale prosjekt som skal gå inn i arkitekturhistoria.

Kall det gjerne døsig sommarkino, forsterka av den postkortaktige kjensla av den franske regionen, som den norske tittelen så skamlaust promoterer. Det er ikkje reint få scener der helten vår, postmannen Joseph-Ferdinand Chaval (Gamblin), traskar rundt i det biletvakre, rurale landskapet i Provence medan posten skal fram. Det er også under ein av desse turane han får auge på ein stein som gjer uutsletteleg inntrykk: At naturen kan forme noko så vakkert, gir Chaval eit kall. 33 år seinare er han ferdig med sitt eige Taj Mahal, eit slott han tileignar dottera Alice.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement