Bok
Presisjon ved surrealisme
Weronika Murek er krevjande i formspråket, men orkar ein å strekke seg litt, kan ein fort oppdage at ein har vakse ein litterær halvmeter.
Weronika Murek er dramatikar og forfattar og fekk Witold Gombrowics’ debutantpris i 2015.
Foto: Anna Rezulak
Ei kvinne veit ikkje at ho er død, men vandrar ikring på rein trass. Ein avliva hund kjem tilbake to månader seinare. Ein kosmonaut kan kanskje snakke med dei døde.
Ei barnestove med eige sanitetsteater rommar ein gut som ikkje er likt av dei andre barna fordi han er eit kjøthovud. Ein godseigar har tilsett «åndssvake» for å jobbe i potetåkeren hans. Det er ein heilt vanleg dag i Polen.
Det er det sjølvsagt ikkje, men det kjem eg tilbake til. Då eg opna boka til den polske prislønte forfattaren Weronika Murek, Dyrking av sydlige vekster etter Mitsjurins metode, blei det raskt klart at dette universet ikkje er rett fram. Forfattaren kallar dei sju tekstane «forteljingar», og eg plasserer dei i ei blanding av realisme og absurdisme. Døden er ein gjengangar (!) og oppfører seg sjeldan slik vi meiner døden skal gjere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.