Bok
Presisjonens venleik
Ein debut som ragar høgt når rekneskapen over poesiåret 2022 skal gjerast opp.
Toto Hølmebakk, som er dr.philos. og spesialist i kirurgi, debuterer skjønnlitterært med denne diktsamlinga.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Tittelen Almakolender på Toto Hølmebakks debut ser ut til å vere ei samanskriving av orda almanakk og kalender. I tredje og siste seksjon i boka, «Kalender», ber dikta titlar henta frå den franske revolusjonskalenderen. Det er som om konfrontasjon mellom den nesten bokhaldarliknande interessa for tal og språkets meir flytande meiningskarakter befruktar kvarandre gjensidig. Hølmebakk skapar eit forunderleg klårt, nesten realistisk, men samstundes mystisk poetisk univers.
Ytre sett spelar tala og formelle system ei formande rolle for desse dikta, dei kjem ofte i nummererte sekvensar, til dømes frå 01 til 12. Alt opningsdiktet syner korleis tal, teljing og dei formelle systema også blir vesentlege innhaldsmoment: «Å kunne telle/ måneder i året/ dager i mai// epler/ i september 30/ 17 stavelser i strofen/ spor i snøen/ slag i 60 fortløpende sekunder/ kom til 59/ kanskje var det 90/ sidensvans i treet/ da de fløy». Trass i talfestingane blir tala liksom farga av kva dei tel. Men sidan formålet med teljinga ikkje er synleg, er det som tala blir lada med usikker meining.
Sjølv om Hølmebakks dikt kan seiast å ha eksperimentelle trekk, mellom anna når ein ser korleis dei skriv seg opp til eller faldar ut formelle mønster, er dette dikttekstar som også grip tak i kjenslene til lesaren. Det er nett fordi dikta teiknar opp avstandar og møte, at slike rom blir skapte.
Så er det kanskje ikkje heilt overraskande at debutanten ein stad brukar ei diktform utvikla av den franske poeten Raymond Quenau. Quenau var ein av grunnleggjarane av den franske litterære rørsla Oulipo, som jobba med litteratur og formelle mønster. Det finst klåre forskrifter i denne diktforma, i tillegg til dei har Hølmebakk nytta dei tolv trinna i Beauforts vindskala som sentralt element i dei tolv diktsekvensane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.