Bok
Prøysen får ein dag i mårå i litteraturvitskapen
Ei bok om Trost i Takklampa stør synet på Prøysen som samfunnskritisk satirikar og kompetent grenseoverskridande forfattar.
Alf Prøysen framfor ensemblet som spelte teaterstykket på Det Norske Teatret i Oslo i 1963, med mellom andre Sølvi Wang, Rolf Søder og Jack Fjeldstad.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
Bjørn Ivar Fyksen er litteraturkritikar i Klassekampen og har nyleg teke ein doktorgrad på Alf Prøysens forfattarskap. Som den første og utan å kunna forklara kvifor ingen andre har gjort det. No har han omarbeidd avhandlinga slik at ho skal vera leseleg for eit større publikum, på eit vis som kunne ha gjeve ei forklaring på denne manglande akademiske interessa. Meinte ikkje mange at Prøysen berre laga lågkulturell «litteratur»: enkle viser, som vart del av populærmusikken, og korte folkelivskildrande stubbar? Og ikkje minst, eller aller minst, barnebøker. Ja, og så ei romanliknande bok, Trost i taklampa, som særleg som skodespel og film, og endå meir som musikal, høyrde heime i kategorien folkeleg buskis?
På den andre sida: Etter at Prøysen døydde i 1970, og 68-arane kom til makta, også i akademia, med sine draumar om FOLKET og dyrking av lågkulturen (Fløgstad, men frå ein høgkulturell posisjon), burde vel Prøysen vore verd ein doktorgrad? Kor mange andre har fått reist tre heilfigurstatuar av seg sjølv, pluss byster og relieffportrett? Så eg trur helst det er slump som har utsett doktorgradar om Prøysen.
Sentralt tema
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.