Film

Psykologisk horror

Hereditary er sterkast som ein thriller om traume.

Grunntonen i filmen er trykkjande klaustrofobisk, skriv Sondre Åkervik.
Grunntonen i filmen er trykkjande klaustrofobisk, skriv Sondre Åkervik.
Publisert

Opningsskotet i Hereditary er eit varsel om at det vi skal sjå, kanskje ikkje er heilt verkeleg. Kameraet glir sakte inn på eit dokkehus og vidare inn på eit soverom der ein figur ligg i senga. Saumlast er vi over i den «verkelege» verda, i det ein mann (Byrne) går inn på soverommet til sonen Peter (Wolff). Bestemora er død. Heile familien skal i gravferd. Er det eit kammerspel vi skal sjå?

Ikkje heilt, men mykje av grunntonen i filmen har denne trykkjande klaustrofobien som kjenneteiknar kammerspel. Regissørdebutant Ari Aster har laga ein film som skal få deg til å grøsse, men vil heldigvis lenger inn i menneskepsyken. Det smarte med Hereditary er måten Aster har bakt ei forteljing om sorg og sinnsliding inn i eit ganske så konvensjonelt skrekkfilmplot på.

Sakte spenning

Framfor frenetisk redigering og klipping mellom scenene veit Aster å byggje opp spenninga sakte. Hereditary er ein film som heile vegen prøver å modulere stemningar. Til liks med ein nestor som Ingmar Bergman ser Aster også ut til å ha ein sterk forkjærleik for andletet til folk. Gjentekne gonger går kameraet tett innpå andletet til Annie (Collette), mor i familien og hovudpersonen i filmen. Ikkje berre må ho takle at mor hennar har gått bort, men snart hender det også forferdelege ting med dottera.

Colletes rolletolking balanserer hårfint på grensa til overspeling. Det forskrekka andletsuttrykket hennar kler dei mest openberre skrekkscenene. I dei meir subtile, nedtona scenene blir ho for mykje. Collette manglar Isabelle Hupperts evne til å uttrykkje store kjensler med små nyansar. Av di ein Huppert-rollefigur avslører så lite, blir vi også fengsla og fascinert av henne – vi prøver å forstå henne.

Røyndom og draum

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement